Det er innført ekstraordinær båndtvang i Øystre Slidre

På formannskapsmøtet 1.februar 2018 vart det innført ekstraordinær båndtvang i heile Øystre Slidre kommune med bakgrunn av ekstraordinære forhold for viltet på grunn av lokalt store snømengder. Det er observert spor av både elg og rådyr over 1000 m.o.h. dei seinaste vekene.

Forskrift om ekstraordinær bandtvang kan du lese her.

Det er ikkje kome inn nokon klage på forskrift om ekstraordinær båndtvang (slik det stod i Avisa Valdres), men det er søkt om og innvilga to dispensasjonar;

  • Øystre Slidre kommune har gitt dispensasjon frå ekstraordinær bandtvang i Øystre Slidre Statsallmenning til jakthundar som blir følgd på forsvarleg måte og som er i lovleg jakttrening (har kjøpt treningskort i Øystre Slidre Statsallmenning eller har sesongjaktkort med hund) eller som deltar i organiserte jaktprøver. Dispensasjonen gjeld også Øystre Slidre jeger- og fiskeforening sitt klubbmesterskap i fuglehund laurdag 24.februar i Javnlie området (på begge sider av vegen mot Øysterlie).
  • Øystre Slidre kommune har gitt dispensasjon frå ekstraordinær bandtvang til fuglehundkurs ved Myhre Gard. Dispensasjonen gjeld jakthundar som blir følgd på forsvarleg måte og som er i lovleg jakttrening i samband med kurset «Jaktdressur for den stående fuglehund» som er planlagd frå 17.februar og ut veke 8.

Vi minner om at det også utanom ekstraordinær bandtvang er utvida bandtvang i Øystre Slidre kommune. Den gjeld mellom anna i mange merka og preparerte skiløyper; Alle lysløyper, Worldcupløypene på Beitostølen, grønn 1 og 2 på Beitostølen, blå 1 og 3 på Beitostølen, rød 1 på Beiotstølen i vinterferie og påskeferie, Danebuløypa (sjå kart (PDF, 7 MB), gjeld alle løyper merka med R0) og Beitostølen Helsesportsenter sine løyper.

 

Her er link til original tekst fra Kommunen: https://www.oystre-slidre.kommune.no/nyheter/ekstraordinar-bandtvang-i-oystre-slidre.9524.aspx